Dine fedrars Gud

Nokre songar ved eit tusenårsskifte




Heim
Utgjevaren
Føreord
Innhald
Forfattarane
Komponist
Notesider
Høyr song
Avisoppslag
Linkar
E-mail



Når eg no let trykkja opp desse songane er det etter oppmoding frå fleire. Dette er songar som eg vonar vil verta til glede og hugnad for mange.

Tekstane er for det meste ukjende og er skrivne av mange ulike songforfattarar. Den eldste teksten går like tilbake til 1496, men dei aller fleste er frå vår tid, og den nyaste frå 1998. Det er flest tekstar som er skrivne av Trygve Bjerkrheim. Johannes Thorvaldsen har og skrive ein del av tekstane, og bak i heftet er det ei liste over songforfattarane.

Når det gjeld tonane, er dei fleste laga av utgjevaren, og har vorte til i perioden 1986-1999. Ein tone er fyrste gongen trykt i 1892 og er av amerikanaren J. M. Driver (Nr 39). Elles er bror min, Gjert L. Gravdal, representert med ein tone (Nr 32) og
Asbjørn Lynge representert med ein (Nr 20).

Eg er elles stor takk skuldig til alle som har hjelpt meg med å setja akkordar til tonane.
Flest songar har truleg Finn Widar Knutzen og syster mi, Anne-Monika Torgersen,
sett akkordar til. Stor takk og til alle som har late meg trykkja tekstar og tonar og arrangement som eg sjølv ikkje har laga.

Det har vore ein del arbeid å kontakta alle som har rettar til tekstane. Takk til forfattarane og deira slektningar for velvilje og interesse for å få desse songane utgjevne. Takk til dei som har gjeve kopieringsløyve til songane.

Som lesaren vil sjå, er noteoppsettet i dette heftet ikkje standardisert. På den måten får kvar note litt meir personleg preg. Notane er stort sett trykte her slik dei vart opptrykte etter kvart som dei vart laga.

So er det med ynske om at tonane og songane må verta godt mottekne, og at dei kan vera til hjelp for ein og annan "på turen over livsens fjord" som det heiter i ein av songane. Måtte Gud få signa dei slik at dei kunne verta til ære for hans namn nokre år innover i det nye tusenåret.

 

Lyngdal, 26. august 1999

Vilhelm Gravdal