Heim
Utgjevaren
Føreord
Innhald
Forfattarane
Komponist
Notesider
Høyr song
Artiklar
Linkar
E-mail



Kven er så denne personen som har gjeve ut songheftet

"Dine fedrars Gud"?

Namn: Vilhelm Gravdal

Adresse: Lyngdal Jordbruksskole, 4580 Lyngdal

Telefon: 38 34 58 01 (P) 38 33 06 36 (K)

Fødd: 19.06.1966 i Haugesund

Gift: 30.12.2000 med Tove Merete Solberg frå Nykirke i Vestfold

 

Vilhelm Gravdal

© Knutsens Fotostudio, Farsund, Norway

Her kan du sjå brudebilete av oss.

 

© Knutsens Fotostudio, Farsund, 

 

 

Myrå i Gravdal

 


Heimegarden i Gravdal

Eg voks opp på eit gardsbruk i den vesle grenda Gravdal, ved Mundheim  i  Hardanger. Denne grenda høyrer til Strandebarm og ligg lengst ute i Hardangerfjorden av dei gardane som høyrer til Kvam herad. Her voks eg opp som eldstemann i ein syskenflokk på 7. Utsikt innover Hardangerfjorden frå Gravdal

Familien Edith og Lars Gravdal.

Familien Gravdal. Bak frå venstre: Øyvind Gravdal b. Klepp, Åsmund Gravdal b. Bergen, Johan Gravdal, b. Brattvåg på Sunnmøre, Gjert L. Gravdal b. Voss og Vilhelm Gravdal b. Lyngdal. Framme frå venstre: Bjørg Gravdal b. Voss, Lars G. Gravdal b. Gravdal, Edith Gravdal b. Gravdal og Anne-Monika Torgersen, b. Lyngdal. Gamle ord og uttrykk frå Gravdal og Mundheim
I 1985 var eg russ ved Øystese gymnas etter å ha vore elev her i tre år. Som særoppgåve dette året gjorde eg eit innsamlings- arbeid av gamle ord og vendingar frå lokalmiljøet heime. Denne oppgåva gav eg i 1987 som ei ordsamling: Gamle ord og uttrykk frå Gravdal og Mundheim". Året etter eg var ferdig med gymnaset, i 1985/86 tok eg agronomutdanning ved Lyngdal Jordbruksskole.
Nokre innvendingar mot prinsippa for og argumentasjonen i  evolusjonsteorien Ved Bibelskulen, Bildøy, Bergen var eg elev skuleåret 1986/87. Før eg tok høgare utdanning ved Norges landbrukshøgskole (NLH) på Ås, arbeidde eg eitt år i avløysarring i Strandebarm.

Det var husdyrbruk eg studerte på Ås, og eg var student der frå 1988 til 1992. I 1992 skreiv eg og oppgåva "Nokre innvendingar mot prinsippa for og argumentasjonen i evolusjonsteorien"  og hovudoppgåve om sjukdomsregistrering og produksjonsuthald på sau.


Då eg var ferdig på Ås, arbeidde eg eit år som ringleiar i Sunnfjord Forsøksring,
Førde. I dette distriktet utførte eg og eit innsamlingsarbeid av religiøse folketonar og
åndelege viser i 1993. Hausten 1993 tok eg eit halvtårig kurs i pedagogikk på Bjørnebekk, Ås.

Sidan 1. januar 1994 har eg arbeidd som lærar og lektor ved Lyngdal Jordbruksskole, Lyngdal i Vest-Agder. Her har eg for det meste undervist i naturfag. Bladet som skulen gjev ut, Lyngdalbandet, har eg og arbeidd ein del med.

I lengre tid har eg skrive songar, både tekstar og melodiar, og i 1999 gav eg ut songheftet "Dine fedrars Gud. Nokre songar ved eit tusenårsskifte".

Slektsgransking er og ei av mine interesser, og eg har samla ein god del opplysningar om etterkomarane til to av mine tipp-tipp-oldeforeldre, Anna Dorothea Meidell Gjertsdotter  Haukås og Lars Samsonson Gravdal. Desse opplysningane er å finna i slektsboka Meidell-slekta 1747-2000 av Lambrecht Haugen, Rosendal.

Framsida til songheftet "Dine fedrars Gud. Nokre songar ved eit tusenårsskifte."

Denne sida vart sist oppdatert 14. april 2004